Representant
Siv Katrin Ulla Hagala
Bli bedre kjent med Siv Katrin Ulla Hagala:
Når eg stille som ordførarkandidat i Haram Arbeidarparti til valet i 2023, gjer eg fordi eg tek kommunedelinga på alvor.
Å vere aktiv i å sikre ein god start, i HEILE kommunen, er hovudmotivasjonen min. Det skal vere godt å bu i HEILE Haram, og det er viktig å ta folket med på råd når vi no skal vedta politikk.
Vi har sjølvsagt eit sosialdemokratisk fundament, som skal sikre sterke velferdstenester for alle. Det er viktig for meg, at alle skal ha det godt i kommunen vår. Sterke fellesskap og levande bygder kor folk kjenner på at dei faktisk når fram til kommunestyret.
Om du ønsker ein ordførar som vil ta alle med på laget, så er eg kanskje din ordførarkandidat? Berre husk å bruke stemma di.