Fredric Holen Bjørdal
Eg brenn for eit samfunn med friheit, tryggheit og moglegheiter for alle. Eit velorganisert arbeidsliv og eit samfunn med små sosiale og økonomiske forskjellar mellom folk.
Vi ser no at mykje av dette er under press. På Høgre og FrP si vakt har forskjellane mellom folk auka, og fleire står utan arbeid. Arbeid til alle er ein raud tråd i mitt politiske engasjement. Fordi det er nøkkelen til friheit og sjølvstende for kvar einskild av oss. Det er grunnlaget for vekst og verdiskaping for landet. Det er føresetnaden for vår velferdsmodell. Alle skal bidra, fordi alle trengs.
Møre og Romsdal er unikt. Vi bur i byar, tettstadar, fjordarmar og åssider. Eg ønskjer å ta heile fylket, og heile landet, i bruk. Vi har mange naturgitte fortrinn, og havet står i ei særklasse. Ikkje nokon stad er vi betre eigna til å leie an i utviklinga av havets moglegheiter enn i Møre og Romsdal. Desse fortrinna må vi utnytte, for å styrkje oss som teknologi- og industrifylke. Møre og Romsdal vil jobbe. Det er ei politisk oppgåve å leggje til rette for vekst, arbeidsplassar og verdiskaping i fylket vårt. Den oppgåva vil eg bidra til, difor stiller eg til val for Arbeidarpartiet.