Svar på interpellasjon om Møreaksen
Fylkesordførerens svar til interpellant Carl Johansen (mdg)
Fylkesordføraren sitt svar på interpellasjonen – 21.06.2023:
Fylkesordførar takkar for interpellasjonen frå representant Carl Johansen. Det er viktige prioriteringsspørsmål representanten tar opp. I lys av dagens situasjon både internasjonalt, nasjonalt og regionalt, er det tydelege signal på at det vert betydeleg strammare rammer til samferdselssektoren i tida framover.
Dette er då også årsaka til at regjeringa har vald å framskunde arbeidet med Nasjonal transportplan 2025-2036 (NTP) med eitt år, fordi inneverande NTP ikkje lenger er realistisk å gjennomføre. Dette er godt synleg i leveransane frå transportverksemdene i samband med arbeidet med ny NTP, rammene som er skissert til verksemdene er langt lågare enn kva dei har vore i tidlegare år. Det må også Møre og Romsdal ta innover seg.
Når det gjeld spørsmålet frå representanten, vil fylkesordførar peike på at fylkestinget i 2020 i høyringsfråsegn til inneverande NTP 2022-2033 gjorde vedtak om at førsteprioritet var å legge til rette for «eit heilskapleg transportsystem der vedlikehald, fornying og drift av eksisterande infrastruktur må prioriterast først». Fylket har dermed tidlegare sendt eit tydeleg signal om at vegvedlikehald, kollektivtrafikk og ferjetilbod må prioriterast framfor nye store vegprosjekt.
I behandlinga av høyringsfråsegn til arbeidet med NTP for 2025-2036, har både samferdselsutvalet og fylkesutvalet stått fast på det som også tidlegare har vore første prioritet for Møre og Romsdal: Eit heilskapleg transportsystem der vedlikehald og fornying og drift av eksisterande infrastruktur må prioriterast først.
Fylkesordføraren si vurdering er difor at innspelet frå representanten er godt ivareteke i vedtaka som tidlegare er gjort om NTP 2025-2036.
Tidlegare har Møre og Romsdal fylkeskommune også spelt inn at NTP i større grad må verte ein heilskapleg transportplan som adresserer nasjonale utfordringar uavhengig av forvaltningsnivå. Der er utfordringane med å nå klima- og naturmåla heilt sentrale.
55
Tiltak som stoggar auken i biltrafikken, får fleire til å ta kollektiv, gå og sykle både i og utanfor dei største byane og som hindrar tap av matjord og naturmangfald må få ein meir sentral plass i NTP og analysane som ligg til grunn for transportplanen. Samfunnsøkonomisk lønsemd er ikkje åleine tilstrekkeleg som vurderingskriterium for prioriteringar innanfor samferdselssektoren.
Når det gjeld forslaget til vedtak om at «Fylkestinget i Møre og Romsdal ber Stortinget ta Møreaksen ut av Nasjonal Transportplan, og i stedet bruke pengene til veivedlikehold, kollektivtrafikk og fergetilbud», så meiner fylkesordførar at det er eit klokt prinsipp at vi skal ta vare på det vi har – det skal utbetrast der ein kan og kun byggjast nytt der ein må. Som følgje av dette prinsippet er det naudsynt at ein innanfor samferdselssektoren kritisk vurderer dagens krav til standardval, krav til hastigheit og trasear med sikte på å få ned kostnadsnivået på store prosjekt, og standardvala må også ta omsyn til at klima- og miljøutfordringane krev reduksjon av biltrafikken.
Samstundes kjem ein ikkje bort frå at det mange stader er store behov for investeringar i ny samferdselsinfrastruktur – også i Møre og Romsdal. Statens vegvesen har i høyringsmaterialet til ny NTP ikkje prioritert nokon prosjekt i Møre og Romsdal for oppstart innanfor rammene, verken i første eller andre seksårsperiode. Fylkesordførar meiner at NTP bør sikre investeringar og utvikling av ny samferdselsstruktur i heile landet, ikkje berre rundt dei største byane.
Effektiv kommunikasjon som knyt saman bu- og arbeidsmarknadsregionane, og infrastruktur for transport inn og ut av fylket og i fylket er svært viktig for Møre og Romsdal, om næringslivet i fylket skal kunne fortsette å skape store eksportverdiar og om fylket skal lukkast i å skape større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Møre og Romsdal har svært lite jernbaneinfrastruktur som alternativ til veg. Eit sikkert og tilgjengeleg vegnett er dermed desto viktigare for å sikre framtida til Møre og Romsdal, og prioritering av vegutbetringar og ferjefrie fjordkryssingar som Møreaksen er framleis sentralt for å sikre kommunikasjonane og auke produktivitetseffektiviteten i fylket.
Med bakgrunn i svaret, meiner fylkesordførar det ikkje er naudsynt å vedta forslaget frå interpellanten. Det er likevel viktig å følgje med utviklinga framover, og eg oppmodar både interpellanten og resten fylkestinget til å ta initiativ ovanfor staten om å prioritere midlar til vegvedlikehald, kollektivtrafikk og ferjetrafikk først, og samstundes også sikre investering og utvikling i heile landet.