Trygghet i fellesskap

For et inkluderende og fremtidsretta Møre og Romsdal.

Hva er viktig for deg?

Trygg styring, sterkere fellesskap!

Arbeiderpartiets visjon er ei rettferdig verd utan fattigdom, i fred og i økologisk balanse. Der menneska er frie og likestilte og kan påverke sine livsvilkår. Alle menneske er unike, uerstattelege og er like mykje verdt. Kvar og ein av oss skal ha sjansen til å realisere våre draumar om eit godt liv. Ikkje nokon få. Ikkje fleirtalet, men alle. Vi får til meir saman enn kvar for oss. Utviklinga av Noreg, frå eit fattig samfunn til eit rikt land, handlar mest av alt om eit sterkt fellesskap.

Koronakrisen har nok ein gang vist oss verdien av fellesskapet vårt, ei sterk offentleg helseteneste og eit organisert arbeidsliv. Høg tillit og sterk solidaritet mellom menneske er Noreg på sitt aller beste.

Over tiår har vi bygd opp ein sosialdemokratisk samfunnsmodell i Norge tufta på fridom, likskap og solidaritet. Den må vi forsvare og bygge vidare på. Berre slik kan vi møte dei store oppgåvene som ventar oss.

Møre og Romsdal har same utfordringa med befolkninga som dei andre distriktsfylka. For å snu negativ folketalsvekst og eit elevtal som går ned, må vi jobbe for at fylket er ein attraktivt stad å leve og busette seg. For å lukkas med dette må vi utvikle heile fylket. Både regionsentera og kommunane rundt. Møre og Romsdal Arbeiderparti meiner at fylkeskommunen er sterk nok til å løyse fleire regionale oppgåver sjølv. 

Møre og Romsdal Arbeiderparti vil fortsette å jobbe for ein berekraftig fylkeskommunal økonomi slik at vi kan løyse dei store oppgåvene som står framfor oss.  

Arbeiderpartiets verdiar skal vise seg i all vår politikk og konkrete handlingar.

Møt folka våre!

Bildet viser abstrakt fjord og fjell