Representant

Geir Ove Leite

Geir Ove Leite

Geir Ove Leite sit både i kommunestyret og fylkestinget. Han er fulltids fylkespolitikar denne perioden og sit i fylkesutvalet og hovudutval for samferdsel i fylkestinget. I Ålesund kommunestyre er han vara til formannskapet og medlem i utval for teknisk, miljø og samfersel. Geir Ove bur på Skodje, er gift og har tre vaksne born. Han er lektor ved Ålesund vgs, og har vore aktiv i politikken i åtte år. I dei fire første åra var han varaordførar i Skodje. I fritida er han glad i friluftsliv og fysisk aktivitet.

Levande lokalsamfunn i heile kommunen, byutvikling og kultur er viktige satsingsområder for å skape bulyst og trivsel. Difor vil han prioritere ei satsing på det frivillige, lag og organisasjonar. Han arbeider for gode og likeverdige tenester innan barnehage, skule og eldreomsorg for alle i heile kommunen.