Hege Merethe Gagnat
Kraftpolitikk
Hege sitt innlegg!
Det er Arbeiderpartiet som kan løyse kraftkrisa, det er Arbeiderpartiet som skal sørge for ny produksjon av kraft, det er Arbeiderpartiet som kan sikre ein kraftpris slik at industrien kan ha nytte av lågare strømpriser enn landa vi konkurrerar med.
Kraft er ingen vanleg salgsvare for Arbeiderpartiet. Strøm skal forvaltas som ein strategisk innsatsfaktor for industrien og som eit grunnleggande gode for hushaldningane. Da vi kan elektrifisere Norge og lykkast med det grønne skiftet. Det må Arbeiderpartiet vere garantist for.
Da må Arbeiderpartet
- ta tilbake den offentlege kontrollen over omsetning an norskprodusert strøm- stoppe prissmitten på norsk strøm frå høgprisområder i utlandet- sikre at strømprisen står i stil med produksjonskostnaden på norsk strøm- sørge for eit taktskifte for ny fornybar og utsleppsfri energi- sørge for at vindkraft som hovedregel er i offentleg eige
For industri- og eksportfylket Møre og Romsdal, og for Molde der eg har lyst til å bli ordfører er dette avgjerande for vekst i arbeidsplassar og befolkningsvekst.
Arbeiderpartiet må
- utfordre handlingsrommet i EØS-regelverket for å finne tiltak som hindrar prissmitte på strøm frå høgprismarked i Europa- finne fram pisk og gulrot overfor kraftprodusenter så dei oppgraderer, effektiviserar og aukar produksjonen i gamle kraftverk- etablere eit eige prisregime for strøm brukt i Norge- få vindkraft på land på banen igjen- avgrense krafteksport til kun å gjelde overskuddskraft
Arbeiderpartiet kan løyse kraftkrisa, Arbeiderpartiet skal sørge for ny kraftproduksjon, Arbeiderpartiet kan sikre ein kraftpris slik at industrien kan ha nytte av lågare strømpriser enn landa vi konkurrerar med.